|
Gamle foto – veit vi kven, kvar og når?
Mange av oss har gamle foto. Lagra på
uforsvarleg vis – og sviktande informasjon om kven som er avbilda, kor tid
og kvar ??? Dette er
dokumentasjon på vår nære lokale historie som lett kan bli borte
fordi vi trur at andre ordnar det meste. Men det er ikkje slik – gamle
foto utan namn og informasjon vert fort eit uløyseleg problem fordi ingen
veit kven og kvar. Og mykje vert kasta fordi vi ikkje veit! Haram
Kulturhistoriske lag er aktive for hjelpe bygdelaga å ta vare på vår
nære fortid som er fotografert, sett i album eller lagt i skuffer. Og kva
med den fotograferte notida som vert fortid om ein del år? Vil våre
etterkomarar vite?
Interessa for fortida er og vil alltid vere til stades. Vi bør gje oss sjølve,
både no og i framtida, høve til å få ha kunnskap om fortida. Så gje ein
tanke til foto du lagrar i dag – hvis det er på ein PC – så er den
forelda om 10 år – kva då? På kulturkvelden på Gamleskulen tok Palmer
Fjørtoft føre seg ”gamle foto”,
avfotografering og dokumentasjon. På Fjørtoft og Lepsøy har bygdelaga
kome godt i gang med å bevare og systematisere gamle foto som har
informasjon om folk, arbeidsliv, motar, utstyr m.v. Dette er noko som laget
Gamleskulen kunne tenkje seg å ta fatt i. Og
allereie søndag 16. oktober var det invitert
inn folk til å gjennomgå ein del eldre bilder.
|
|