Kjell Haram kunstutstilling 20.-22.5.2005

Kjell Haram hadde denne helga utstilling av eigne måleri på Gamleskulen på Flem. Utstillinga varde i 3 dagar og det var bra tilsig med interesserte som fekk oppleve ei rekkje flott kunstverk.  Kunstnaren var godt nøgd med både besøk og sal.
Han satsar no med friskt mot og har nyleg hatt utstillingar på Galleri Profil og Haukeland Sykehus i Bergen. Utstillinga på Gamleskulen var den femte i rekkja. Og allereie 11. juni skal han ha ei utstilling i Spjelkavik.
Kjell Haram trivest særleg godt med å måle motiv frå havmiljø på Haramsøy og Skuløy/Flemsøy, og det var berre slike bilder han stilte ut på Gamlesulen.  Han har også måla ein del motiv frå m.a. Hardangervidda og Nordal med fjell, is og snøbrear. På utstillinga i Spjelkavik vil han også ha med slike motiv.


Kjell Haram


Havmiljø frå Haramsøy og Skuløy/Flemsøy
Til høgre ser vi Sakshammaren


Her ser vi Kleppen på det nederste bildet


Ut mot havet........