Kulturminnedagen 9. september 2007  
 
I 1938 vart det spela inn delar av ein tysk film på Ulla, Longva og Flem.  På tysk
 hadde filmen tittelen ”Rivalen im Nordmeer”. I samband med Kulturminnedagen
9. september 2007 hadde Gamleskulen på Flem fått tak i ein kopi av dei scenene
 som vart spela inn lokalt, med mange lokale statistar både frå Longa og Ulla.
Og nokre av statistane var i salen denne søndags ettermiddagen, og dei hugsa
 mykje frå innspelinga.

Laget Gamleskulen var nok litt spent på om denne gamle filmen hadde noko interesse – men det hadde den. Det gamle klasserommet var fylt til trengsel både på pultar og ekstra stolar. Over 55 personar. Det er bra.
 

 
 
Frå filmen. Scene frå lasterommet på ein båt ved Longva kai.

 
 
 
Her er vi benka.

 
 
 
Det vartein lang etterpåprat.

 
 
 
Mange gamle minner.....

 
 
 
På veggen i Gamleskulen heng det 3 bilder frå filminnspelinga
Alle ved Longvakaia.
I teksten til bilda finn vi desse namna:
 
 
 
Bilde 16: Tilskodarar filmopptak ved Longvakaia.
Midt på bildet står tolken, Melle. Elles kan nemnast:
Storseter-Kaspar, Nese-Per, Krissen-Karsten, Jo-Kalla, Kåre Klokk,
Sperra-Kinar, Bers-Jon, Åsmund, Hansen-Harald, Ukjend, Anders-Kalla,
Nese-Bjarne, Børstov-Per, Magnus-Peder

 
 
 
Bilde 18: Kai-gjeng. Det var vanleg å gå på kaia når "dampin" kom.
For å fylgje med, frette nytt, hente posten og no var det filming i tillegg.
Store-Mattines, Jensgjerd-Johan, Myre-Syvrin, Nysto-Jørgen?,
Bakke-Jørgen, Støls-Karsten, Åsmund, Nese-Peder, Sme'n,
Marist.-Harald, Rimme-Olav, Klongren.

 
 
 
Bilde 17. Både små og store var statistar i filmen.
Skådespelar Hilde Sesac, Støls-Johan, Krissen-Egil, Ingebjørg, Ansgar,
Skådespelar Cristine Garden med Kjellrun på armen, Bella Flem