Med dei kvite bussane til Polen 24.9.2006 |
||
I mange år har 10. klasse ved Haramsøy Ungdomsskule reist på desse turane. Og etter kvart har ein del privatpersonar vore med som turistar. Vi var litt nyskjerrige på kva inntrykk dei satt att med etter ein slik tur. Vi fekk med tre karar som alle hadde vore med på same turen. Det var litt viktig for då kunne dei utfylle kvarandre i samtalen. Geir Kvam har vore foreldrerepresentant fleire gonger, medan Sindre Rogne og Tom Arne Christensen var førstegongsreisande. Sindre kom først med ei oversikt over reiseruta, og etterpå slapp Geir og Tom Arne til med bilete og kommentarar. Det var høve for dei frammøtte å stille spørsmål undervegs. Og det gjorde dei. Temaet er eit alvorleg emne over ting som ein aldri vil tillate å skje igjen. Men dei tre karane svarte og fartalde på ein slik måte at humoren satt laust. Og nesten 2 timar med opplysning gjekk som ein røyk. Med andre ord: Dei var gode lærarar. Vi som sat i salen fekk oppattfriska historia vår. Og tanken om å vere med på ein slik tur streifa nok fleire. Birgit Fjelle. |