Med dei kvite bussane til Polen 24.9.2006

I mange år har 10. klasse ved Haramsøy Ungdomsskule reist på
desse turane.  Og etter kvart har ein del privatpersonar vore med 
som turistar. Vi var litt nyskjerrige på kva inntrykk dei satt att
med etter ein slik tur. Vi fekk med tre karar som alle hadde vore
med på same turen. Det var litt viktig for då kunne dei utfylle
kvarandre i samtalen.
Geir Kvam har vore foreldrerepresentant fleire gonger, medan
Sindre Rogne og Tom Arne Christensen var førstegongsreisande.
Sindre kom først med ei oversikt over reiseruta, og etterpå slapp
Geir og Tom Arne til med bilete og kommentarar. Det var høve
for dei frammøtte å stille spørsmål undervegs. Og det gjorde dei.

Temaet er eit alvorleg emne over ting som ein aldri vil tillate å skje igjen.  Men dei tre karane svarte og fartalde på ein slik måte at
humoren satt laust. Og nesten 2 timar med opplysning gjekk som ein røyk.  Med andre ord: Dei var gode lærarar. Vi som sat i salen
fekk oppattfriska historia vår. Og tanken om å vere med på ein slik
tur streifa nok fleire.
Birgit Fjelle.