USA - frå kyst til kyst 2013  
 


Sofie Kleinhans Krogsæter var ute på sitt livs første store reise saman med andre

ungdomar frå Noreg, Kina og Italia. Språkreise som gjekk frå kyst til kyst i USA -

utan foreldre og med ope sinn for nye inntrykk. Ho delte denne flotte opplevinga med

sambygdingar sist fredagskveld (25.10.2013) på kulturkveld på Gamleskulen på Flem.

 

Laget Gamleskulen formidlar kultur frå nær og fjern, og er glad for at også dei unge vil dele. Sofie deltok i sommar på ei opplevings språkreise frå New York til Los Angeles saman med 9 andre ungdomar frå Noreg og ca 40 frå Kina og Italia.  Minibussar frå kyst til kyst. Sjølv om berre 5 overnattingar var på hotell og resten i telt, var dette ein tur som grov djupt ned i komfirmasjonspengekassa fortalde Sofie. Men det var vel verd kvar einaste krone. Turen varde i 22 dagar.
 

 
 
Sofie - engasjert forteljar.

 
 
 
Yeah - turen er i gang.

 
 
 
Oppleving!!

 
 
 
Frå helikopterturen over Grand Canyon

 
 
 
Kaffi og godt å bite i etterpå.

Godt jobba Sofie.