Glaskunst i pinsa 2009  
     
 

Gunvor Stene Søvik har drive med glaskunst sidan 1991 og fortel at ho har lært mykje under vegs i åra ho har arbeidd med glas. Ho har eit vidt spekter i arbeidet sit; smykke, fat, skåler, pyntegjenstandar, glasbilete m.m.  Saman med glas brukar ho andre materiale smelta saman med glaset, m.a. sølv, gull, bronsespon, koparfolie og stålull!!

Til glastbileta nyttar ho akvarell som bakgrunn – ein fin kombinasjon.

 
 
 
Gunnvor Stene Søvik med eit lite utval.

 
 
 
Fat og lysarrangement

 
 
 
Til vegg eller på bord

 
 
 
Vakre arbeid.

 
 
 
Meir til veggen

 
 
 
Delikat handverk.

 
 
 
Fargar og detaljar

 
 

Nærfoto

 

Nærfoto

 
 

Noko av det litt spesielle ho har laga, er juledekorasjonskuler med årstal – eit samleobjekt for mange. Dette har ho halde på med i snart 20 år.