Kunstutstilling 2-5.6.2006 |
||
Marit Sviggum hadde ei flott kunstutstilling på Gamleskulen på Flem i
pinsehelga. Ho viste fram 55 akvarellar med motiv hovudsakleg
frå natur og blomar. Dessutan
hadde ho ein del keramikk og smykker med i utstillinga. Av naturmotiva er mange frå Møre og Romsdal, og kysten var rikt representert. Men vi såg også innslag frå meir sydlege land. Marit har i mange år budd i Dragsundet i Herøy, så det er ikkje rart at kysten har vore ei inspirasjonskjelde. Ho og mannen er i desse dagar på flyttefot til Moa Park. Det vert nok fleire utstillingar no når ho flyttar til eit område med større befolkning. Det er også mogeleg å kontakte henne privat og få kome å sjå og evt. handle. |
||
![]() Marit Sviggum |
||
![]() Blomar |
||
![]() Natur |
||
![]() I strandsona |
||
![]() Dame (solgt) |