Kunstutstilling 2-5.6.2006

Marit Sviggum hadde ei flott kunstutstilling på Gamleskulen på Flem i pinsehelga. Ho viste fram 55 akvarellar med motiv hovudsakleg  frå natur og blomar.  Dessutan hadde ho ein del keramikk og smykker med i utstillinga.
Av naturmotiva er mange frå Møre og Romsdal, og kysten var rikt representert. Men vi såg også innslag frå meir sydlege land. Marit har i mange år budd i Dragsundet i Herøy, så det er ikkje rart at kysten har vore ei inspirasjonskjelde. 
Ho og mannen er i desse dagar på flyttefot til Moa Park. Det vert nok fleire utstillingar no når ho flyttar til eit område med større befolkning. Det er også mogeleg å kontakte henne privat og få kome å sjå og evt. handle.

 

Marit Sviggum


Blomar


Natur


I strandsona


Dame (solgt)