Vinkurs 2006

 
 


Hustrig haustkveld sist i oktober, iskald vind fortel at ei ny årstid er på veg. I Gamleskulen på Flem (varmt og lunt) samlast eit knippe nygerrige på ein kultur som har rike tradisjonar lengre sør i Europa; vinkultur. Vi skal få lære litt om vin og kor dei gode vinane kjem frå. Sjå på vinen, lukte den og smake den.

 

Lidvar Rogne – med stor interesse for mat og vin – har gjennom kurs og sjølvstudie skaffa seg høg kompetanse på vin – tok oss ein liten tur innom 3 vinland i Europa. Tyskland med sine kvitvinar og Frankrike med dei raude, samt ein spesiell frå Italia.


Her er den første kvite vinen. Deklarasjonen vert nøye studert.

Først litt om korleis vinen vert til. Temperaturkontrollert gjæring av druesaft. Drueskalet som inneheld mykje smak og farge vert liggande i mosten under gjæringa for å få med smaken og fargen. Og dess meir av sukkeret som vert omdanna til alkohol, dess tørrare vert vinen. Dersom gjeringa vert stogga tidlegare vert det meir søtsmak på vinen. Raud drue gjev raud vin og kvit drue gjev kvit vin. Rosevin som er lys raud får den lyse fargen fordi skalet på den raude drua vert tatt ut etter kort tid. Champagne får vi m.a. av blå drue, men skalet vert teke bort med ein gong slik at det ikkje fargar champagnen.

Korleis smakar vi vin? Først ved å sjå på fargefordelinga ser vi om det er ein fersk vin eller ein litt meir mogen. Fargen trekk seg frå kanten på glaset når den er mogen. Så måtte vi lukte på vinen – lite i glaset – slik at vi kan få luft inn i vinen (svinge vinen i glaset) – nasen godt nedi og finne vinen si lukt. Når vi smakar skal vi slurpe og føre vinen rundt om i munnen. Skal vi smake på mange bør vi spytte ut for å unngå, ja du veit.


Hold i stetten og få luft inn i vinen


Notering av prøve.


Konsentrert forsamling.

Noreg vil neppe bli noko stort vinland, fordi vindrua treng mykje sol og varme for å få den gode smaken.  Dessutan fekk vi vite at jordsmonet var viktig då dette også gav drua sin særeigne smak. Og dei eldste vinplantane 50-60 år gamle gav dei beste vindruene.
Mange produsentar og særleg i nye vinland som Australia og Argentina satsar på konsumvin med lite garvesyre som toler kort lagring. Når det er meir garvesyre kan vinane lagrast lengre.


Studie av farge


Lukt og smak


Vi fekk også tid til kaffi og snittar. Lidvar hadde komponert flotte snittar. Høyr her:
Hjortesteik på ei seng av mandelpotetsalat.
Reker på eggesalat m/ansjos.
Kokt torsk (kokt i lauk,kvitlauk og sitrongras) pynta med oliven og kapers.
Tunfiskpasta med raudlauk og soltørka tomat.
Grågås på raudlauksmarmelade.
Det heile vart avslutta med sjokoladekake saman med ein søt italiensk vin,
Recioto della Valpolicella.



Lidvar fekk med ein akvarell som takk for ein fin kveld.

 

Vi smakte to tyske kvitvinar frå Rheinhessen:
Kloster Eberbach – Hattenheimer Engelmannsberg og
Kloster Eberbach – Steinberger
Frå Frankrike prøvde vi:
Chateau De Viant – Bordeaux Superieur 1999
La Tour de By 2001 – CRU Bourgeois (Medoc)
Chateau de la Cour 2001 – Saint-Emilion Grand CRU

Dette var ei kveld med mange smakopplevinger – som kan tilrådast på det varmaste til alle som ein gang i blant kan tenkje seg å bytte ut pizza, cola eller pils med andre spanande kulturelle og gastronomiske opplevingar.

Ei spanande vin og matside finn du på internett: http://www.aperitif.no/