Flem Skulekorps feira 45 år

 
   45 år  med godt korpsarbeid vart feira med ein nyttårskonsert på Nordøy Grendahus søndag. Med på feiringa var skulekorpset frå Haramsøy. Dessutan vart konserten krydra med ein del uventa og humørfylte innslag. Det er ikkje på kvar fest at ein person i prestekappe kjem durande på mini-mini motorsykkel oppover salen.

 
 
Karstein Nygård ønskja velkomen på tradisjonelt vis, men det var ikkje mange sekunda han fekk behalde den rolla. For der kom ha Stette-Knut (Bjørn Kåre Høistad) inn frå sidelinja og ville ha meir liv og røre på ein slik jubileumsdag og overtok festleiinga. Så den dresskledde vart utvist. Og fart vart det både i arrangement og musikalsk repertoar.

 
 
Haramsøy Skulekorps m/dir. Arvid Steen

 
   
Dirigenten er på hogget

 
 
”Stette turn- og dametrim”

 
 
 
Kaffi, brus og mat

 
 
Stette-Knut var på farten heile tida.

 
 
 
Flem Skulekorps m/dir. Tommy Granum

 
 
 
Vel blåst

 

Tale for dagen (Karstein Nygård)


Blomar og heider


Han fekk heldigvis ikkje holdt heile talen.