Ope landskap 25. mai 2009  
 
Olje- og energidepartementet var på synfaring i øykommunane saman med
utbyggjarar som ønskjer å tene store pengar, grunneigarar som ser høve
til inntekter og kommuneleiing som leitar etter pengar og lokalbefolkning
som vi sitje igjen med svarteper: Rasert bu- og friluftsmiljø og
drasisk reduksjon av eigedomsverdiar. Fråflytting og stagnasjon i tilbakeflytting!
 
 
 
Første stopp på Austnes. Her vil vi verkeleg sjå skadeverknadane.

 
 
 
Ungdomen kom og sa si meining: NEI!
Dei veit kva dei snakkar om. Eg har to born som ikkje kan tenkje seg å flytte
attende til Skuløy/Flemsøy dersom her kjem vindmøller. Det er så mange
ulemper ved å bu usentralt, at dersom naturen vert øydelagt, så bur dei heller i
byen.  Haram kommune er ikkje tema.

 
 
 
Ungdommen fekk uttale seg.

 
 
 
No nærmar vi oss Myskja. Her vil det kome store kraftliner.

 
 
 
På Mannen.

 
 
 
Det er slik vi likar å sjå naturen.

 
 
 
Oddvar Folkestad fortalde om fuglelivet. Ørn og Hubro. Og om
fuglar som scannar kysten etter næring.
Vi høyrer på i andakt - og veit at han har rett.

 
 
 
Ferda går vidare.

 
 

Ein stopp på Ullasundbrua. Det var fleire som ikkje forsto at vi
stogga der, sjølv om dette var eit visualiseringspunkt.

 

Rolls Royce på Longva fortalde om kor viktig naturen var for tilflytting.

 

Matøkt servert av Ope Landskap.

 
 
Møte på Finnøya. Langt frå hovudmengda av motstandarane av
vindmøller. Tilrettelagt av utbyggarane som berre har inntekt som mål.
Det er til å gråte av.