Rogne Vasslag 100 år !!  
   

Torsdag 26. mars 2009 markerte Rogne Vasslag 100 års jubileum. Den viktige oppgåva med å skaffe nok og godt vatn til grenda til ein rimeleg kostnad vart markert ved ei tilstelling på forsamlingshuset Framtun. Ei oppgåve som laget har meistra til trass for tidvis usemje og kostnader som var vanskelege å bere i tider med lite pengar mellom folk. No ligg laget i toppsjikte når det gjeld kvalitetsvatn til ein pris som det kommunale SaHara bør bøye seg i støvet for.
 

 
 
Ei verdig marsipankake!

 
 
 
Asbjørn Vågsholm fekk sleppe til med litt vasshistorie. Og han måtte gje honnør
til Rogne Vasslag for den vasskvaliteten laget har.


 
 
 
Det er på sin plass å fylle eit glas utruleg blankt vatn.

 
 
 
På ein kveld som denne passa det  med ein prolog over tida - den gongen då, og fram til no - Elias Rogne kan engasjere - og gjorde som vi venta, med snert og humor - frå den farne tid til  dagen då Rogne Vasslag og SaHara låg side om side frå Longvastranda til Nogva-garda.
 
 
 
Lagsleiaren, Sindre Rogne, kuttar kaka.

 
 
 
og fekk følgje av Mattilsynet v/Asbjørn Vågsholm.