NIL Turmarsj påska 2014  
 
Nordøy Idrettslag (NIL) på Longva arrangerer turmarsj kvar påske.
I år gjekk turen til Gapahuken ved Djupedalen.
NIL hadde ordna med høve til grilling og hadde som vanleg saft og kaffi til deltakarane.
Det var laga ein Quiz mest for dei vaksne og skattejakt for dei minste.
106 personar registrerte seg på posten. Det var veldig godt ver denne 1. påskedag, noko som førte til at mange valde
langt lengre turar enn den litt lette påskemarsjen.  Og det er berre kjekt å få vite.
 
 
 
Grilling av pølser og anna god mat i Gapahuken.

 
 
 
Folk kom og gjekk under dei to timane det var registrering.

 
 
 
Det vart jobba med Quiz.

 
 
 
Kaffi og prat.

 
 
 
Smil til fotografen.

 
 
 
Skattejakta er over, og skatten vert delt.

 
 
 
Meir deling.

 
 
 
Leik i skogen.