Reisa til Julestjerna *  
 
Adventsfest på Framtun 15. desember 2013.
Kaker, brus og kaffi. Julenissen og gang rundt juletreet.
Men det beste var skodespelet Reisa til Julestjerna, framført av  UL Fram si barnegruppa (7-9 år).
 

Reisa til Julestjerna, skriven av Sverre Brandt i 1924, engasjerer og gleder enno, snart 90 år etter stykket vart oppført for første gang.
 Prinsesse Gulltopp kom bort i skogen etter si leiting etter den ekte julestjerna. Ho kom ikkje attende og kongen forbanna julestjerna.

 

Mange år seinare dukkar den snille jenta Sonja (Frida Otterlei) opp. Ho vil finne julestjerna for kongen (Aurora Longva),
 for då kan han ønskje prinsesse Gulltopp tilbake. Onkelen til prinsessa, den slemme greven (Vilde Ravnestad) og
heksa (Synne Ulla Otterlei) gjer alt for hindre Sonja å lukkast.  Sonja går ut i skogen. Men først syng ho songen om julestjerna.

 
 
 
Reisa til Julestjerna kan ta til.

 
 
 
Den slemme greven (Vilde Ravnestad) og tenaren Ole (Eirik Davik).

 
 
 
Heksa (Synne Ulla Otterlei) og den slemme greven represnterer dei vonde kreftene.

 
 
 
Kongen (Aurora Longva)  har sorg i seg. Han forbanna Julestjerna for mange år sidan,
då prinsesse Gulltopp kom bort i skogen på leiting etter den ekte Julestjerna.
 
 
 
Sonja  (Frida Otterlei) syng songen om Julestjerna.

 
 
 
Nissefar sine hjelparar dansar i skogen.

 
 
 
Den slemme greven møter den fattige mora og dottera (Hanna Otterlei og Angelica Klokk) i skogen.
Greven vil ikkje hjelpe dei med litt pengar for eit julenek.
 
 
 
Den fattige mora og dottera får etterpå hjelp av Sonja
Nissefar sine hjelparar ser kva som skjer.

 
 
 
Sonja møter Nissefar (Marita Bergsnes).

 
 

Nissefar og alle hjelparane.

 

Og Sonja bakerst i rekkja.

 

Sjølvaste Julenissen (Emma Dalhaug Ulla) er også engasjert!

 
 
No må Sonja vidare.

 
 
 
Den slemme Greven og Heksa leitar i skogen.

 
 
 
Fuglane (Bente Lise Otterlei, Hannah Fjørtoft og Jenny Flem) vaktar om Sonja.

 
 
 
Greven og Heksa har funne Sonja, men fuglane ser.
 
 
 
No lyser stjerna.

 
 
 
Sonja skal ta stjerna med til kongen.

 
 
 
Men Greven og Heksa prøver å hindre dette.

 
 
 
På slottet går det meste sin vante gang.
Tenarane Ole (Eirik Davik) og Petrine (Fride Austnes) har det litt moro inn i mellom.
Litt flørt; Petrine slår fast at dei vil bli gift, men ikkje med kvarandre,
 
 
 
Den slemme grevn og heksa har hindra Julestjerna i å lyse - trur dei.

 
 
 
Men så kjem Sonja, og ho har Julesterna med seg.

 
 
 
Her er stjerna!

 
 
 
Sonja er prinsesse Gulltopp!

 
 
 
Kongen har fått attende dotter si, og Julestjerna kan skine!

 
 
 
Takk for oss!