Ute av drift | ||
Forvekslingskomedie på Framtun påska 2011. Skriven av Ray Cooney og omsett av Rolv Wesenlund. Vi er på Grand Hotell i Oslo. Arbeidarpartiet sin statsråd Reidar Willien har ofra kveldsmøte på tinget til fordel for eit eventyr med partisekretær Jorunn Verde i Framstegspartiet. Polistisk upassande og dessutan er statsråden lykkeleg gift med Bitten Willien som kjem på uventa på besøk til sin mann på hotellet. Dette saman med funn av ein daud privatdektektiv set forviklinga i sving. |
||
Kelnaren (Knut Otterlei) ordnar seg det første "tips" frå statsråd Reidar Willien (Rolf-Inge Rogne) |
||
Statsråden og partisekretær Jorunn Verde (Ane Forr Austnes) har planar for kvelden. |
||
Kelnaren kjem med champagne og litt å bite i - og rekning. |
||
Ein tilsynelatande livlaus person er funnen på balkongen. Han hadde fått oppslagsvindauget over nakken. Dette er privatdektektiv Monrad Bakke (Ola Forr Austnes). For å unngå skandale og politi vert han gøymd i skapet inn til vidare. |
||
Hotelldirektøren (Bjørn Kåre Høistad) er på leiting etter ein person som er rapportert som kikkar. |
||
Nokon må ordne opp. Det er viktig at statsministeren ikkje får ei politisk upassande sak å hanskast med. Statssekretær Jørgen Grissvang (Torbjørn Rogne) må ta saka, sjølv om han eigentleg skulle heim til mor. |
||
Stuepike Maria (Eli Rogne) kjem for å ordne på badet. Men det passar ikkje i dette opplegget. |
||
Kelnaren kjem med ein kortstokk fordi han trur dei treng ein til klespoker. |
||
Statssekretæren må ta på seg ymse roller tilpassa kvite løgner. |
||
Planen er å få flytte liket til nabosuiten som statssekretæren har fått leige. Men både kelnaren og hotelldirektøren dukkar opp og øydelegg planen. |
||
Liket er no berre litt indisponert og bror til statssekretæren. |
||
Flytting tilbake til skapet. |
||
Ronald Verde (Eirik Flem Slyngstad) er på jakt etter kona Jorunn. Han har leigd privatdektektiv. Heldigvis for statsråden er Jorunn no inne hos statssekretæren. Statsråden ser høve til å redde skinnet ved å fortelje at det er Jorunn og Jørgen som har eit eventyr. |
||
Stuepika Maria forsøkjer på nytt å få gjort jobben sin. |
||
Statsråden fortel kva han har sagt til Ronald Verde. |
||
Liket skulle no ut av hotellet i rullestol. Men han vakna og klarte å få det ustabile oppslagsvindauget over nakken nok ein gong. |
||
Nokre sannings ord om forhold i ekteskapet. |
||
Hotelldirektøren vil ha statssekretæren ut av hotellet grunna bråk og øydeleggingar i suiten. |
||
Kona til statsråden Bitten Willien (Hanna Sylte) kjem. For å redde statsråden som no er på soverommet saman med Jorunn, må han legge sin elsk på Bitten for å få henne inn i sin suite. |
||
Det lukkast. |
||
Vindauge vart mykje nytta sidan suitane hadde felles balkong. |
||
No har privatdektektiv Bakke vakna til liv. Men hugsar ikkje klårt. |
||
Stuepike Maria vil på nytt gjere jobben sin, men det passar stadig ikkje. |
||
Bitten Willien er lei av å vente i Jørgen si suite og kjem attende til statsråden sin suite. Her må ho gjøyme seg i skapet. |
||
Søster Solfrid (Veronica Johnsen Flem) som steller for mor til Jørgen kjem til hotellet for å finne Jørgen. Både ho og mora må vite kva som skjer. |
||
Brått går det opp for Jørgen at det er søster Solfrid som er den rette for han. |
||
Meir bortforklaringar |
||
Privatdektektiven hugsar litt etter kvart. |
||
Hotelldirektøren vil bli kvitt problema sine. |
||
No er det søster Solfrid som har vore i Jørgen sin suite og fått vindauge over nakken når ho kom tilbake. |
||
Kelnarer har funne ut at dei manglar ei brud. Han ordna det mot eit passande honorar. Stuepike Maria er gifteklar. |
||
Det nærmar seg den naudsynte oppklaringa. |
||
|
||