Ope Landskap har engasjert seg mot vindmøller i vårt svært sårbare 
friluftsområde: Fjell og fjøre på øyane. Både folk, fuglar og dyr
vil måtte li under ei utbygging på øyane.
Havsul II utbygginga i svært nært havområde vil forsterke denne
raseringa. Våre medborgarar i kommunen (på fastlandet), vil ikkje ein
gong tillate kraftleidningar gjennom sine naturområde -
sjølv om desse ikkje snurrar rundt.
Gigantmøller med evig snurr og lyd og skuggekast er velkomne som pesten.
Vi vil ikkje ha dei innover i fjella på fastlandet heller.
Hellandshornet eller områda ved Hestevatnet med snurrande vindmøller
er ikkje fristane. Like lite som i sjøen ved Brattvåg og Hildre eller inn i
Grytafjorden der vinden stryper kraftfullt.

Det er ikkje rart at Ope Landskap har valt å melde seg inn i organisasjonen:
Stopp raseringa av kysten.

Styre i 2008:
Birgit Kjerstad (leiar)
Torleiv Austnes
Jon Aakre (ny)
Uwe Kleinhans (ny)


 
   
På veg ut mot Ulla Fyr - (utan HAVSUL II)

  STOPP rasering av kysten!

 
Folkeaksjonen STOPP rasering av 
  kysten er ein paraplyorganisasjon
  for motstandanar av dagens planar
  av vindkraft og representerer 11 lokal
  grupper i Troms, Nordland, Møre og
  Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland,
  Rogaland og Vest-Agder.

 
Heimeside: 
  http://www.vernkysten.no

 
   
Utsikt frå Storfjellrøra mot Flem og Ulla

  Haram Vindkraft på Haramsfjellet
  kan bli ein realitet. NVE trassa både folk
  og kommune og gjekk inn for å gje
  konsesjon til Haram Kraft AS og Tafjord
  Kraftnett AS. Ei sak som vart anka.
  Den 22. des.08 vedtok NVE å ikkje endre
  sitt vedtak. Saka går no til Olje- og
  energidepartementet. Sjå dokumentet
  her Vedtak pdf-fil.
  Lokalt engasjement er enno naudsynt
  for å prøve å hindre bygging.
 

 
   
Yste Flem

  Informasjon om Havsul II

  På NVE sine sider kan du finne
  informasjon om både Havsul II
  og dei mange andre vindmølleprosjekta
  langs kysten.
  Havsul II har fått avslag på sin søknad,
  men anken er ikkje sluttbehandla.

  Informasjon om vindmøller finn du på:
  http://www.nve.no