Kulturkveld 18.9.2005

Gamle foto – veit vi kven, kvar og når?
Mange av oss har gamle foto. Lagra på uforsvarleg vis – og sviktande informasjon om kven som er avbilda, kor tid og kvar ???  Dette er  dokumentasjon på vår nære lokale historie som lett kan bli borte fordi vi trur at andre ordnar det meste. Men det er ikkje slik – gamle foto utan namn og informasjon vert fort eit uløyseleg problem fordi ingen veit kven og kvar. Og mykje vert kasta fordi vi ikkje veit! Haram Kulturhistoriske lag er aktive for hjelpe bygdelaga å ta vare på vår nære fortid som er fotografert, sett i album eller lagt i skuffer. Og kva med den fotograferte notida som vert fortid om ein del år? Vil våre etterkomarar vite?

Interessa for fortida er og vil alltid vere til stades. Vi bør gje oss sjølve, både no og i framtida, høve til å få ha kunnskap om fortida. Så gje ein tanke til foto du lagrar i dag – hvis det er på ein PC – så er den forelda om 10 år – kva då? På kulturkvelden på Gamleskulen tok
Palmer Fjørtoft føre seg ”gamle foto”, avfotografering og dokumentasjon. På Fjørtoft og Lepsøy har bygdelaga kome godt i gang med å bevare og systematisere gamle foto som har informasjon om folk, arbeidsliv, motar, utstyr m.v. Dette er noko som laget Gamleskulen kunne tenkje seg å ta fatt i.  Og allereie søndag 16. oktober var det  invitert inn folk til å gjennomgå ein del eldre bilder.


Palmer Fjørtoft - ildskjel i Haram Kulturhistoriske Lag


Avfotografering med digitalkamera og stativ.


Slik kan det sjå ut.


Som vanleg kaffikos og masse godt til!!!