Eg har fotografert med dias film i mange år, og mange av bileta har eg
scanna med ein rimeleg dias scanner. Sommaren 2004 gjekk eg over til
å også nytte digitalt kamera. Eg har no (i 2012) mitt 3. digitale speil-
refleks (Nikon D700).

Eg har sakna eit fotomiljø på øya. Har eit par gongar prøvd å dra i gang ein
fotoklubb, utan å lukkast med det. På Haramsøya kom det for ei tid tilbake
igang ein klubb; Gamlebanken Fotoklubb. Vi er også nokre frå Longva/Rogne
som finn turen dit.

Fordelen med eit fotomiljø; ein klubb, er at den er med å skape interesse og
aktivitet. Eit forum for å utvikle både kunnskap og idear.  Det vert spanande
å sjå om det bli bra i Gamlebanken Fotoklubb.

 Fotoklubbar:
 
Ålesund Kameraklubb
 Molde kameraklubb
 Kristiansund kameraklubb
 Skodje Fotoklubb
Giske Fotoklubb
Smøla kameraklubb
Hustadvika Fotoklubb
Atlanterhavveien Fotoklubb
Bergen Kameraklubb
 
Trondhjems kameraklubb
 Tjøme Fotoklubb
 Studentenes fotoklubb 


 

  Sider med foto:
 
Foto.no


  Forretningar:
 Preus
  Fotoknudsen
 Japan Photo
 Nikon

  Diverse:
 Fototips
 

Det kunne også vore flott å prøve meir på portrett eller miljøbilder. Tok eit
foto på hamna i Ålesund for nokre år sidan under Båtfestivalen.
Det hølja ned.  Vått miljø.

Fotografering er ein hobby som eg har mykje glede av. Det er mange
spanande motiv og ikkje minst lysforhold her ute ved kysten.

Eg likar best naturen som arena. Nokon gonger er det ver og vind som
fasinerar.  Andre gonger spesielle lysforhold. Det er også ofte ein fordel
å ha personar med i naturbilda.

Amatørfotografering
er eit internasjonalt stort område med mange entusiastar. Og miljø skapar aktivitet.

Det finns mange sider på nettet om foto. 
Foto.no har masse informasjon, bruktmarked, diskusjonsside m.m.:
Du finn heimesida her:
Foto.no

Bladet Fotografi er også på nettet. Mykje bra lesestoff og informasjon.
Her er adressa på nett:
Fotografi

 


 

Skal du kjøpe kamera?

Det er mange sider med info.
Testar finn du på:
tek.no
digital foto
dinside

På sidene til Foto.no og bladet
Fotografi finn du bra stoff.
Foto.no
Fotografi.no

Sjekk også prisguide for beste
pris.
Prisguide.no

Av og til kunne det vore fint med ein modell eller to, både ute i naturen
og til portrettfotografering. Ta gjerne kontakt.

  Til startsida