Kabareten Barbaras Barbershop vart ein suksess lokalt i 2000. Stor stemning på Samfunnshuset på Austnes og på Kjerstad. So pass at vi tok den oppatt i 2001 og reiste til Hildre og Midsund. Det var ikkje like stor økonomisk suksess på våre reiser, men vi fekk gode tilbakemeldingar frå dei frammøtte.

På repertoaret var songar som Det Norske Kammerkoret tidlegare har framført. Vi var skodespelarar denne gongen. May Britt Flem eksponerte seg som Barbara.

Melodiar:
Gje meg tog, Lilja i dalen, Sara på Solheim, Boka di, På Karl Johan, Sokkelestvalsen, Ferjekø Blues, Lilja i Dalen, Jonas Ørstavik m.m.
Og vår kvartett song As time goes By, Chattanooga Choo Choo, My Evaline, We were gatherring up the Roses and Don't sit under the appeltree.

Vi hadde utmerka hjelp elles frå: Kjell Arne Solheim (øving), Anders Rogne (instruktør), Torleif Austnes (lyd), Rita Varpe (sufflør), Ingemund Rogne (lys)

 
     
   
Sminke 1

 
   
Sminke 2

 
   
Frå prøve 1

 
   
Prøve med kvartett

 

Lystig

Til framsida