Ope landskap 25. mai 2009 | ||
Olje- og energidepartementet var på synfaring i øykommunane saman med utbyggjarar som ønskjer å tene store pengar, grunneigarar som ser høve til inntekter og kommuneleiing som leitar etter pengar og lokalbefolkning som vi sitje igjen med svarteper: Rasert bu- og friluftsmiljø og drasisk reduksjon av eigedomsverdiar. Fråflytting og stagnasjon i tilbakeflytting! |
||
Første stopp på Austnes. Her vil vi verkeleg sjå skadeverknadane. |
||
Ungdomen kom og sa si meining: NEI! Dei veit kva dei snakkar om. Eg har to born som ikkje kan tenkje seg å flytte attende til Skuløy/Flemsøy dersom her kjem vindmøller. Det er så mange ulemper ved å bu usentralt, at dersom naturen vert øydelagt, så bur dei heller i byen. Haram kommune er ikkje tema. |
||
Ungdommen fekk uttale seg. |
||
No nærmar vi oss Myskja. Her vil det kome store kraftliner. |
||
På Mannen. |
||
Det er slik vi likar å sjå naturen. |
||
Oddvar Folkestad fortalde om fuglelivet. Ørn og Hubro. Og om fuglar som scannar kysten etter næring. Vi høyrer på i andakt - og veit at han har rett. |
||
Ferda går vidare. |
||
Ein stopp på Ullasundbrua. Det var fleire som ikkje forsto at vi stogga der, sjølv om dette var eit visualiseringspunkt. |
||
Rolls Royce på Longva fortalde om kor viktig naturen var for tilflytting. |
||
Matøkt servert av Ope Landskap. |
||
Møte på Finnøya. Langt frå hovudmengda av motstandarane av vindmøller. Tilrettelagt av utbyggarane som berre har inntekt som mål. Det er til å gråte av. |
||