Fredag den 13. (Gunnar Staalesen)  
 
UL Fram med påskeskodespel 16.april 2014.
Påskekrim med intrige og hevn på ei lita øy med eit fyr og nokre få hus. Isolerte i havtåka.
Inn mellom alt det alvorlege er det plas for (galgen?)humor!
Rolleliste: Sofie Øines (Henriette Friis), Bjørn Kåre Høistad (Fritjof Frantzen), Konrad Rogne (Helge Friis),  Knut Otterlei (Preben Friis),
Hilde Rogne (Anne-Lise Friis), Rolf Inge Rogne ( Martin Mørk), Arya M.K.Rogne (Marita Flekke), Synnøve Rekdal Klokk (Den framande),
Bjørnar Flem (Henrik Friis) og Cato N. Longva (Bjørn Flekke).
Dei to sistnemnde var debutantar og gjorde sakene sine godt.
 
 
 
Kriminalforfattar Martin Mørk som leiger hus på øya denne sommaren.
Det skjer drap - og forfattaren må gå inn i rolla som etterforskar i eit slags mentalt tospann med sin eigen
seriefigur, privatdektektiven Ulf Ulvheim. Her er mykje tåke.

 
 
 
Venninnene Marita og Henriette nyt sommaren.
Henrik kostar på seg litt flørt.

 
 
 
Anne-Lise Fris (gift med Henrik) er på vakt.
Den ferierande forfattaren entrar scena.

 
 
 
Marita og to av Friis-karane.

 
 
 
Revisor Fritjof Frantzen (til høgre) veit mykje om vanskeleg økonomi.

 
 
 
Den framande - Helge Friis - Preben Friis.
Revisoren  har vore på kurs og har med seg dame frå kurset.  Dette er den "framande" som
set alle sine tankar i høggir. Her vert alle nye mønstra med vaktsame og dømande auge!
Har Helge Friis  (gift med Henriette) sett henne før?
 
 
 
Samling med raudvin eller anna godt!

 
 
 
No har nesten alle fått sin vin eller drink, men
Kven fekk den siste eller nestsiste velkomstdrinken........

 
 

Legen, Preben Friis, kan stadfeste død.
Korleis kan dette ha skjedd?

 

Kriminalforfatter  Martin Mørk vurderer alle sider og mogelege skuldige!

 

Rev. Fridtjof Frantzen - Marita og faren Bjørn Flekke (fyrvaktar) - Henriette - og forfattaren.
Så er lik nummer to ein realitet. Henrik er daud.


 
 
Dette vart for mykje for mange.
Det er snart ikkje whisky å finne på øya.

 
 
 
Revisoren er skuldig i å ha med seg den drepte "framande".......

 
 
 
Nye oppklaringsteoriar....

 
 
 
Men no er lik nummer tre ein realitet.
Fyrvokter Bjørn Flekke er blitt myrda. Marita er ikkje til å trøyste.

 
 
 
Kven er den eller dei skuldige?
 
 
 
Nye opplysningar.

 
 
 
Løysing i sikte?

 
 
 
Skal tru........?
 
 
 
Tusen takk!