Skuløy /Flemsøy
sett frå Ullaholmen

 

Flemsøy/Skuløy
høyrer til Nordøyane og ligg nord for Ålesund.

For karthjelp, trykk her:
  
Fleire foto finn du frå startsida:  Startside


Frå Rogne

Øya har brusamband til Haramsøy og vidare der i frå lyt ein bruke ferje til Skjelten
eller hurtigbåt som går mellom øyane, Haram fastland og Ålesund.

Flemsøy/Skuløy har delt namn grunna usemje om namn frå tidlegare tider mellom grendalaga.

Nogva er den minste grenda og er prega av sterkt redusert folketal med stadig fleire tome hus eller hus med få personar.

Rogne
har litt av dei same problema. Det minkar på innbyggjarar. Av næring må nemnast at Marine Harvest driv eit stort anlegg for oppdrettslaks i Nogvafjorden. Millionar av laks veks opp her.
Elles er der nokre gardsbruk. Eit storfjøs med plass til 100 dyr vart starta opp i 2017.

Longva er den største grenda. og har også den viktigaste verksemda; Rolls Royce Marine - Automation med ca. 150 abeidsplassar. Her finn du også butikkar og serverings- og
overnattingsverksemda Gunnabuda
Vidare har grenda kvileheim med omsorgsbustader.

Flem er nest størst. Også her har det blomstra litt opp. Unge familiar har slått seg til ro. Byggefelt.  Karsten Flem AS som driv fiskemottak, er ei lønsam og viktig verksemd for øya.

Tidlegare var landbruket ei viktig næringsgrein, men talet på gradar har gått ned i takt med økonomiske krav om stordrift og sentralisering. Den yngre generasjon sin vilje til å satse på eit yrke under press, er liten.

Øya er ikkje stor, her bur ca. 500 sjeler her. Men folk bryr seg om kvarandre og det er vanleg å slå av ein prat når vi møtest. Her er mange frivillige organisasjonar. Nokre er felles med Haramsøy, slik som t.d. fotballag (HaNo), fotoklubb (Gamlebanken fotoklubb), bridgeklubb (Haramsøy Bridgeklubb), blandakor (KorFor Oss), storband (NSB), bilklubb (Seaside Custom) m.v.

Elles er det 2 velforeningar på øya, 3 småbåtlag, idrettslag, kulturlaget Gamleskulen, korps
 m.v. Her er turløyper og gapahukar og mange høve til rekreasjon. På heimesida mi er litt
samla under fana:  "kultur"

Naturen er havlandskap. Vi har fjell (Skulen som er knappe 500 m o.h.) for dei som treng
mosjon - med flott utsikt over heile kysten i fylket. Litt skog for dei som vil gøyme seg vekk.

Og fjøra ut mot havet - havbåra som bryt mot sand og fjell - er ei oppleving i seg sjølv.
Ta også ein titt på internettsida westcoastpeaks.com som har fotografi frå alle fjella i området.

Og naturen er ellers rik på mange flotte detaljar.
I fjøra kan ein finne dei mest utrulege fargar og formasjonar.

Det er avgrensa med ville dyr. Her er m.a. hjort, oter og mink, men meir allsidig fugleliv.  Derfor er her også værnesoner for hekkeplassar. Minken som ikkje høver inn her er eit trugsmål mot fuglar som hekkar.  Kanskje det er derfor at terna er nesten borte.

Her er fleire slag måker, småfugl, hakkespettar, skogsdue,  skjor, kråke, ravn, havørn, ugle, hauk - ja til og med hubro er observert på Haramsøya. Sidan det er gjeve konsesjon til vindkraft på Haramsøya, vert ein fort kvitt både havørn og hubro. Dei vert klipt ned og vert til matfat for andre arter; mus og sneglar. Sånn er livet.

Frå dei store myrane er det henta ut mengder av gamle røter som fortel om ei tid med skogkledd landskap. Her er det historie om eit landskap som hadde rot i anna miljø enn det vi ser no.  Skogen er likevel på full fart tilbake.  Det gror igjen. Det skuldast at jordbruket vert nedlagt.  Det er så få som vil drive i dag, og unge arvtakarar med tung kunnskap flyttar til byen og feite jobbar.

Eg er sikkert ikkje på oppsida av jorda om nokre år - når oljen er slutt - og all mat skal kjøpast frå utlandet. Utan oljepengar og industri som er utkonkurrert og kanskje heller ikkje har rett kunnskap.. Kva veit eg. Landbruk som er borte...  Det vert ei tid.

No gjekk eg meg bort i vanskelege tankar.  Det eg kan seie om dagen i dag, er at her er mykje å vere med på - eller helst "ta del i".


Kveld ved "Klubben"


Frå Rogne (Hansgarden)


Longva Servicesenter


Gunnabuda på Longva


Hamna på Longva


Karsten Flem AS


Frå Longva


Kveldstemning Flem


Frå Longva


Sandvika


Bølger over Seiholmen


Berg og vatn i Sandvika


Del av Longva og Flem

Skal du oppleve Haram, bør du ta Nordøyane med i reiseplanen. Både Lepsøy, Haramsøy, Skuløy og Fjørtoft er vel verd eit besøk.

Til framsida (main)