Nordøy Idrettslag og Flem Vel har sørga for informasjonstavle ved vegen inn til øya.
 


Dersom du vil ha kartet litt tydlegare, kan du klikke på denne linken: Turkart

UL Fram
Ungdomslaget på Rogne er kjent for sitt teaterarbeid, og set kvar påske opp ei forestilling som dreg fulle hus. Laget driv også aktivt barnelagsarbeid, som dei siste åra har sett opp musikalar både for undomsgruppe og bornegruppe.
UL Fram arrangerer m.a kulturkveldar, jonsokfestar, adventsfestar, bingo og dansetilstellingar.

Laget har eige bygg (Framtun) og leiger ut lokale til små og store arrangement.
Leiar: Sigrun Rogne
Tlf.: 702 17865 / 995 91584
Epost: si-rogne@online.no
 


Frå "Skulle det dukke opp fleire lik"
i 2003

UL Samhald
Ungdomslaget på Longva er ikkje eit aktivt ungdomslag på gamlemåten. Men laget arrangerer i blandt dans med kjende grupper. Driv også opplegget kring bygdekino i Nordøy Grendahus. Populært.


 
Gamleskulen
Gamleskulen på Flem er blitt ein kulturplass på sine gamle dagar. Eldsjeler har pussa opp og stelt i stand den gamle skulen som no vert nytta til ymse formål,  m.a. kulturkveldar for bygdefolket.

Leiar: Birgit Fjelle
Tlf.: 702 17628 / 902 05756
Meir om Gamleskulen her!

                                                                  
Haram kulturhistoriske lag

 
Nordøy Idrettslag
NIL har mange aktivitetar. Laget steller fotballbana på Longva. Arrangerer tur og trimopplegg for damer og herrar. Det er trimløyper med meldepostar både på fjell og i fjøre.
Elles kan vi nemne turmarsjar og sykkeldagar.
Det er faste dagar for trim av ymse slag på Nordøy Grendahus.
Laget arrangerer iblant dans, og kvart år før jul er det årsfest med julemat m.m. 

Leiar: Trond Ravnestad
Tlf: 900 14521
Epost: ravnestad@hotmail.com

 

HaNo
HaNo er laget for fotball på Haramsøy og Flemsøy/Skuløy
Fotballen engasjerer mange på desse øyane. Laget har eiga heimeside med masse informasjon.
Nordøyhallen er storstova for laget og vert brukt til trening og arrangenent.

Leiar: Odd Einar Molnes
Tlf. 908 86699
Epost: leiar@hanofk.no

http://www.hanofk.no/

Flem Skulekorps
Korpset er ein viktig kulturfaktor i mange samanhengar. 
17. mai er sjølvsagt den viktigaste dagen. Kva med tog utan musikk?
Korpset er også på plass i mange andre samanhengar, t.d. tenning av julegrana, konsertar og underhaldning i kyrkje og på Grendahuset. 
Men kanskje det viktigaste; Korpsøvingane er ein sosial møtestad for dei unge. Og dei får høve til å lære å spele eit instrument!

Leiar: Inger Beate Hjørungnes
Tlf.: 905 41426
 

Nordøyane Storband
NSB er med på å skape musikkglede på begge øyane. Deltek på arrangement og arrangerer konsertar. Starta i 1987 og feirer 30 års jubileum med kosert i 2017.
Mange dyktige korpsmedlemer har fått ny giv i storbandet.

Leiar: Evy Maritha Hellebust Rogne
Tlf.: 975 70274
 
Kor For Oss
Koret deltek på konsertar. Arrangerer eigne konsertar og kabaretar. Reiser på turar og stemne.
Øving kvar tysdag (nesten) mellom kl 2000 og 2200.
Høver for ungdom i alle aldrer.

Leiar: Ingunn Kjerstad
Tlf: 918 05204

Heimeside: http://korfoross.com
                                                  
Seaside Custom
Lag for bil og motorinteresserte. Har bygd eigen hall på Rogne for reparasjon og mekking. Utleige av ymse utstyr.

Leiar: Trond Ravnestad
Tlf: 900 14521
Epost: ravnestad@hotmail.com
 
Gamlebanken fotoklubb
Fotoklubb for Flemsøy/Skuløy og Haramsøy.
Medlemsmøte ein gong pr. mnd. Vurderer foto og har sosialt samvere.
Men satsar også på å lære meir om både foto og digital bildebehandling.  Fototurar og utflukter.

Leiar: Håkon Akselsen
Tlf: 481 43475
Epost: haak-arn@online.no

 
Longva Småbåtlag
Longva Småbåtlag er laget for båtfolket på Longva. Hamn for småbåtar og gjestebrygge.
Longva Servicesenter ligg like i nærleiken med storkiosk.

Leiar:r
Tlf: 
 
Flemsvik Småbåtlag
Flem Småbåtlag er laget for båtfolket på Flem. Hamn for 45 småbåtar og gjestebrygge med 4 båtplassar. Landstarum og vatn. Klubbhus med dusj og toalett.

Leiar: Arne Vedeld
Tlf: 950 690 21
Epost: arne.vedeld@gmail.com
 
Nogva og Rogne Småbåtlag
Småbåtlaget for Nogva og Rogne har 17 båtplassar i 2016, men er under utviding. Gjestebrygge med 3 båtplassar. Vatn er på plass og landstraum kjem i 2017. Klubbhus med dusj, toalett og kjøken er under bygging (2017).

Leiar: Asbjørn Rogne
Tlf: 976 94840
Epost: at.rogne@online.no

 
Longva Vel
Logva Vel vart stifta i det Herrens år 2003. Laget har som formål å skape fellesskap og trivsel i grenda. Døme på dette er nyttårs-
feiringa årsskifte 2004/2005
og midtsommarsfest 2005.


Leiar: Rita Kvinge
Tlf.: 928 50197
Epost: rita_kvinge@hotmail.no

 
Flem Vel
Flem Vel som vart skipa i 1987 arbeider med trivseltiltak på Flem. Busskur, benkar og bord langs turstiar. Utlån av diverse utstyr. Årleg rydding av rusk.

Leiar: Knut G. Flem
Tlf: 901 09296
Epost: knut.g.f@online.no
 
Nordøy Grendahus
Nordøy Grendahus er bygda sit største kulturhus. Her skjer det aktivitetar av mange slag. Trim og idrett, basarar og bingo, konsertar og revyar samt møteverksemd av mange slag
Du kan leige lokale til bryllup, barnedåp, gravferder, konfirmasjon m.v.

Leiar:
Mobil:

Utleige:  Tlf.

Til framsida (main)