Aviser:
Aftenposten
VG
DN
Dagbladet
Nettavisen
Sunnmørsposten
Bergens Tidende

Firda Tidend

Nyttig:

Søk i TV-kanaler
Telefonkatalogen
Norgeskart
Norge Hvor.no
Tid i andre land
Været
Sol opp og ned
Flo og fjøre
Gravminner
Ordbok
Ordbok mange språk
Google oversetter

Kommuner
:
Haram
Gloppen

Startsider:
Startsiden.no
start.no
sol.no
online.no
hotmail.com

Rutetabeller:

SRB
FJORD1
ÅBR

Båtsider:
Baatnett
ABC baat
Boat.no
Finn.no-Båt
Båtbørsen
Kgl.Norsk Båtf.
Båttrafikk

Datatryggleik:


F-Secure

Mat:
Kjøt
Fisk


Har laga ei lita heimeside om meg og mitt og det i nærleiken......
Dersom du er interessert i foto, natur og litt kultur, ja då kan du gjerne ta ein rundtur
på denne heimesida. Skulle kanskje vore litt meir aktiv når det gjeld politiske spørsmål
som gjeld kommunen, men det er travelt å følgje opp, kanskje kunne eg kome med eit
lite sukk iblandt om ting og tang som eg veit grasrota her ute er opptekne av....t.d.
vindmøller, fastlandssamband (Nordøyvegen), ferjeruter og kapasitet, vêret...

Vindkraftverk
Det er gjeve grønt lys for vindkraftverk på Haramsfjellet frå Olje- og Energidepartementet
si side. Ei katastrofe for den sårbare naturen her ute, for turismen og for busetnad.
Det vil nok verte vanskeleg å få folk til å busette seg her, når den viktigaste fordelen
ved å bu usentralt vert borte; EIT UTRULEG FLOTT HAVLANDSKAP.


Ymse
Fant ei side på nettet som heiter Hvor.no. Gode bileter over Norge ned til greie
detaljar. Har lagt inn ei lenke til venstre på sida.  Prøver å leggje ut lenker til sider
som kan vere til litt nytte.  Elles er det høve å skrive nokre ord i gjesteboka!!

Skuløy/Flemsøy
Her ute i havgapet - i eit lite samfunn - er det eit fint miljø og ein spesiell natur med skiftande ver og lys. Ja, det kan skifte så fort at vi har alle årstider på ein dag. 
Adressa er 6293 Longva. I menyen finn du kart og litt meir om øya.

Turterreng
Det er eit fint turterreng på øya. Både i fjell og i fjøre. Frå fjelltoppen Skulen (ca. 500 m) er det kjempefin utsikt over Sunnmørskysten. Nordøy Idrettslag har merka turstiar. 
I 2009 vart det før første gong laga skiløyper med snøscooter og løypeslede. Løypene
vart mykje brukt.
Eg har også lagt inn eit turkart.

Foto
Ein av hobbyane mine er fotografering. Det er mange flotte fotomotiv på øya og som sagt eit skiftande lys. Eg har lagt inn del foto på sida. Du finn dei i fotogalleriet samt på ein del andre sider. Under "Litt av kvart" ligg der foto frå ein del hendingar. For at det skal gå raskt å laste sidene - er bileta lagt inn i låg oppløysing - det går dessverre ut over kvaliteten. Hovudmengda av bileta er henta frå lokalmiljøet, så her kan du finne både folk og fe og natur på Skuløy/Flemsøy. 

Kor For Oss
I blandakoret Kor For Oss har vi det triveleg. Eg har lagt inn ein del informasjon om koret og foto frå nokre av våre konsertar/turar. Sjekk menyen. Koret har også ei eiga side
som er under opparbeiding. Den heiter korfoross.com.

Gamleskulen på Flem
Gamleskulen på Flem er blitt ein  kulturbærar i bygda. Den vert halden vedlike og driven av laget "Gamleskulen". Meir info på eiga side her.


 


  Ope landskap
  Ope landskap har jobba aktivt for å verne den vakre og
  sårbare naturen på Skuløy/Flemsøy og Haramsøy. Vårt
  rekreasjonsområde - og naturen er snart det einaste vi har
  igjen av fordelar i vår "utkant". Vindmølleprosjekt vil
  øydelegge natur og livskvalitet her ute.............


  Vindmøller
  Sjølv om vindmøller gjev rein energi - kan dei vere
  ei forureining. Når møller vert klint opp i bumiljø og
  tek beslag på nesten alt turområde er det ei forureining.
  Det å ikkje kunne gå nokon stad i naturen utan å måtte sjå
  denne uroa - er svært negativt for bumiljøet.
  Og eit trugsmål for fleire fugleartar, særleg ørn og hubro.


  Vindmøller gjev både lyd og uro. Når sola står på får vi også
  skuggekast.
  Og kva med lavfrekvent lyd. Sjå artikkel i    Dagbladet.
  Sjå Haramsfjellet med vindmøller på prikk.com


  Kystnorge skrytt opp i skyene
  I magasinet Time har kystnorge fått sært rosande
  omtale over 5 sider. Reklame som kan gje store
  inntekter for turistnæringa. Skal dette øydeleggast
  av vindmøller? Sjå artikkel i Dagbladet.
  Ikkje rart at vi som elskar naturen kjempar mot vindmøller
  i denne naturperla.

  Havfiske utanfor Ulla
  Opplev kysten. Prøv deg på havfiske.
  Det er ikkje ofte ein unngår å få fisk når ein dreg ut på dei grunne
  fiskebankane utanfor Ulla. Overnatting og opplevingar elles må du
  berre prøve for å forstå at "dette er livet". Sjå artikkel i VG: HER.
  NB! Ei ekstra oppleving får du her ute i havgapet dersom veret
  leikar med deg!






Ordet:

Naturen
gjer 
aldri 
feil!
Naturen
har
alltid
rett!

 

 

Longva

Sist endra
23.02.2010